Har de ledige kvalpar, eller planlegger kull?
Dette er vel det flittigste spurte spørsmålet eg får, og ofte får eg dette utan anna info. Eit slikt spørsmål blir ofte enten ignorert eller får eit enkelt "Ja/Nei" svar. Svar på dette finn du enkelt sjølv på denne sida under "planlagte kull". Når eg skal selge kvalp til deg er det viktig at du som kjøper "selger" deg sjølv. Av og til får eg også meldinger som "viss de har ledig kvalp, forteller eg gjerne meir om meg sjølv". Ein kan samanlikne det med å sende ein jobbsøknad; Ein skriv ikkje ein jobbsøknad slik: "viss eg får jobben, forteller eg gjerne meir om meg sjølv". Arbeidsgiver vil vite kven du er før du får jobben. På samme måte vil eg som oppdretter vite kven du er før du eventuelt får tilbod om ein kvalp. Om du forteller utfyllande om deg sjølv, er også sannsynligheita for at du får kvalp med meg, viss eg har noko ledig, heilt klart større.
Om du fyller ut kontaktskjema her på heimesida vil eg få varsling på mail, og ferdig utfylt kontaktskjema vil bli liggande til eg sletter det. Dette er den enklaste måten for meg og enklast mogeleg få svar på det eg lurer på angåande kvalpekjøper, samt den enklaste måten for deg at mailen din ikkje blir vekke saman med eit titals andre mailar.
Om du fyller ut kontaktskjema her på heimesida vil eg få varsling på mail, og ferdig utfylt kontaktskjema vil bli liggande til eg sletter det. Dette er den enklaste måten for meg og enklast mogeleg få svar på det eg lurer på angåande kvalpekjøper, samt den enklaste måten for deg at mailen din ikkje blir vekke saman med eit titals andre mailar.
Kan eg velge kvalp sjølv?
Nei. Eg som oppdretter velger ut den kvalpen du får. Det vil seie at eg velger ut den kvalpen eg trur kjem til å passe best til deg ut frå dine ønsker og behov, og kvalpens personlegdom. Eg vil også behalde ein kvalp eller to frå kullet, og eg velger alltid først.
Når får eg vite kva kvalp som blir min?
Når kvalpen er ca 7 veker.
Kan eg velge farge?
Nei. Farge er siste prioritet når det kjem til valg av kvalp. Personlegheita til kvalpen er det viktigaste, og at denne matcher eigar. Dvs at dersom du er interessert i utstilling og avl, får du tildelt ein av dei som ser mest lovande ut eksteriørt. Dersom du ønsker ein roleg familiehund får du gjerne den som er mest avbalansert og roleg. Dersom du er interessert i jakt, får du gjerne den som utforsker litt meir enn resten av kullet og som er meir frampå. Du får vite kva kvalp du får når kvalpen er mellom 6 og 7 veker gammal.
Kva ser dåkke etter i ein kvalpekjøper?
Vi ser etter deg som kan gje hunden ein god og varig heim. Vårt fokus på avl er aktive rasetypiske hunder, og det er viktig for oss at du har satt deg godt inn i kva ein finsk lapphund er, at du har lese rasestandard og gjerne rasespesifikk avlsstrategi. Har du gjort dette, har du ein viss idé om kva du går til. Ein finsk lapphund er sta og eigenrådig, så dersom du ynskjer ein hund som aldri stikk av og som er lettlært skal du sjå deg etter ein oppdretter som avler på hunder med mindre instinkter, eller rett og slett ein anna rase. Ein finsk lapphund vil gjerne undersøke og sjekke ut dersom det er noko som er meir interessant enn deg. Modig, sta og eigenrådig er ord som fint beskriver ein lapphund, og det er slik ein lapphund skal vere, då den skal ha god nok psyke til å gjete tusen reinsdyr på vidda, og den skal vere modig nok til å jage vekk rovdyr som bjørn.
Det er og veldig kjekt om du vil gå på utstilling med hunden eller gjere andre aktiviteter med den, og dette er noko eg vil legge vekt på når eg velger kvalpekjøpere.
Det er og veldig kjekt om du vil gå på utstilling med hunden eller gjere andre aktiviteter med den, og dette er noko eg vil legge vekt på når eg velger kvalpekjøpere.